Har du problem med å få sove når du trenar seint?

Spørsmål:

Eg fekk eit spørsmål frå ein person som føler seg stressa fordi ho må trene noko seint på kvelden, og har vanskar med å sovne. Omsorg for små barn gjer at ho ikkje får tid til å trene før etter at barnet har lagt seg. Følgjeleg er ho ikkje ferdig med treninga før klokka er ca 22. Når ho så legg seg har ho vanskar med å sovne, og er trøytt neste morgon. Ho ønskjer å trene, og ønskjer å sove, og ønskjer å vere utkvild neste morgon og kvikk i løpet av dagen. Ho ønskte råd om kva ho skulle gjere for å få betre søvn.

Svar:

All form for aktivitet på sein kveldstid påvirkar søvnen. Det gjeld fysisk aktivitet, og det gjeld også Kveldsnytt eller voldelege filmar ( og også milde kranglar med partner). Trening gjer at ulike kjemikaliar kjem i aktivitet i kroppen, og ein treng ofte eit par timar med nedroing før kroppen er klar for å sove. Difor er den beste løysinga å ha ca 2 timar med ro før ein legg seg. I dette tilfellet var ikkje det ei løysing som var muleg, dersom ho skulle få trene. Om du er i tilsvarande situasjon, og har vanskar med å få sove ( det er ikkje alle som har denne vansken etter sein trening), kan du prøve deg litt fram for å kartlegge kva som hjelper deg. Ting som kan hjelpe er:

  • Eit varmt bad. Ta eit varmt bad i staden for å dusje etter treninga. Ligg lenge og kjenn at kroppen roar ned.
  • Roleg avspenningsmusikk. Her skal du ta deg tid til å la musikken få roe deg ned rundt ein halv time. Du kan også ha små høgtalarar under puta di, slik at du kan lytte medan du glir inn i søvnen.
  • Om du har nokon du deler senga med, kan lette strykingar over kroppen, lett massasje, vere roande og gjere at du lettare glir inn i søvnen. Bruk gjerne ein god olje med avspennande tilsetting, men her har eg ikkje nok kunnskap til å anbefale kva du skal bruke, så høyr gjerne med ein som arbeider innan dette fagfeltet.

Ting du bør unngå:

  • Å ete etter at du kjem att frå treninga.
  • Unngå kaffi etter trening. Unngå i det heile kaffi seint på dagen. Unngå også å drikke for mykje anna etter trening, då dette lett kan medføre at du må opp i løpet av natta. 
  • Unngå også for heftig sex når du har vanskar med å sove etter trening. Sexen er rett nok noko som som både kan kvikke opp og roe ned, men blir det for heftig kan det vere som ei ny «treningsstund», så finn di aktivitetsform også på denne fronten når du har vanskar med å sovne etter seine treningskveldar.

Om ikkje noko av dette hjelper, vil ein ny gjennomgang av familiens tidsplan vere det som må til.

Lukke til.

(c) Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling september 2012

 

ps. har du tips om måtar du har funne løysingar på, så send den gjerne over til meg.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s