Det kan vere livsviktig å kunne god stressforebygging

Stress er eit meir alvorleg problem enn mange er viljuge til å innrømme, også blant dei som verkeleg er stressa. Det er for mange som går rundt for lenge og trur: «Dette ordnar seg nok sjølv». Men det er ikkje alltid det gjer det, og når det er for alvorleg, og ein går for lenge, kan utfallet vere meir alvorleg enn ein ønskjer, og kanskje like alvorleg som ein fryktar.

Eg snakka seinast i dag med ein person som har hatt langvarig hard arbeidspåkjenning, eller rettare sagt, aktivitetspåkjenning. Fordi aktiviteten etter arbeid har vore like omfattande som arbeidsdagen. Og sjølv om det har vore positive livsaktivitetar, har det følgt med mange former for ansvar, oppfølging og fysisk arbeid. Han møtte veggen, totalt i vår. Vart innlagt på sjukehus etter eit alvorleg hjarteinfarkt, og møtte der tre andre karar som var innlagt av same årsak. Dei tre hadde også vore svært aktive, kulturelt og / eller idrettsrelatert, i tillegg til barn og barnebarn, hus, hage og hytte. Fritid var i det heile ikkje avspenningstid.

Han ringde og fortalde at han, til tross for at han fekk infarkten i vår, truleg hadde fått eit vesentleg verre utfall om han ikkje hadde hatt ein lang periode med bevisst forebygging av sin utbrende situasjon. Han var takknemleg for kunnskapen han hadde fått – og for at han hadde hatt eit vesentleg rolegare liv – før infarkten ramma han.

Per Robert Tafjord

(Er sertifisert som stresscoach, livscoach og næringslivscoach, samt finansiell rådgiver BI. Brenn for at medmennesket skal ha eit liv med mest muleg godlune, der ein grip fatt i stresset og får det bort, og kan leve mest muleg i samsvar med livslidenskapar og i sunn utfalding av det som gir livet gode verdiar).

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s