Har du behov for coaching?

Mange undrast litt over kva som ligg i begrepet coach/coaching, og sant å seie er det ikkje lett å gi ei enkel forklaring som dekker dei to begrepa. Innan idretten er coach oftast sett på som trenaren.

Innan ulike former for personleg coaching er det ikkje like lett å seie at coachen er trenaren til den som leiger tenestene. Likevel, det er litt det som ligg i det. For når nokon leiger ein coach for å gjere forandringar i livet sitt, må forandringane gjerast, og det som skal forandrast finnast og innarbeidast. Det må noko trening til. Det kjem ikkje av seg sjølv, men det gjer utruleg godt når det som ein ønskjer å gjere ei forandring til det betre rundt, har blitt innarbeidd, og forandringa har blitt ein ny og betre del av livet.

Overfor privatpersonar arbeider eg mest med å bistå menneske som ønskjer å overvinne stress og utbrentheit, samt som ønskjer å lære seg å forebygge dette før det kjem så langt som til meir alvorleg stress.

Så – etter kvart har eg oppdaga at årsaka til mange av dei plagene vi menneske har skriv seg frå sjølvtillita – eller mangel på sådan. Forskarar har fastslått at menneske med dårleg sjølvtillit/ sjølvbilde blir lettare slitne, misfornøgde og stressa enn andre menneske. Difor er arbeid med betring av sjølvtilliten sterkare involvert i stresscoachinga eg har saman med samtalepartnerane mine no enn i starten. Dette involverer også ein auke i formidlinga av kunnskapen rundt det indre sjølvsnakket, den indre dialogen, måten vi snakkar med oss sjølve på.

Tas kontakt med meg når du treng samtalar som hjelper deg å forandre livskvaliteten din til det betre. Når behovet er der trengst det gjerast noko med det. Og tida umiddelbart etter at ein ferie er over, og før ein lang haust og vinter startar opp, er ofte det rette tidspunktet å begynne.

Du finn meg på 952 13 859 / p-rotafj@online.no   På jobb att frå 30.07.2012

Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s