Det er sommarvarme, så fyr opp under peisen og nyt livet

Stresstips veke 21

Det er få dagar att av våren. Sommaren står for døra, og frå kontorvinduet mitt ser eg både sola og meir lettkledde. Eg har også kjent lukta av grilling nokre kveldar allereie denne veka. Så, sommaren står så definitivt for døra.

Sommartida er også tida for ein prat over hagegjerdet etter ein lang vinter. Prat når både du og naboen er ute og brummar med plenklipparen. Så seier den eine: Skal eg stikke inn i kjøleskapet og hente eit par kalde? Den andre seier ja, og midt nede i den kalde kjem begge på at ingen av dykk har ete middag enno. Du har nokre kotelettar, og han har grillkol. Medan kolet blir passe «tennveskemarinert» nyt de samtalen og siste resten av boksen. Ein anna nabo som noko seinare har kjent røyklukta og kjent att stemma til begge to kjem også med ein kotelett og ein kald boks eller tre.

Det er koseleg med eit stort og velarrangert selskap med inviterte gjester. Men det er jammen meg like koseleg med slike spontane samankomster. Ein får tid til å prate saman, framfor å fare rundt og prate litt med alle som i eit større selskap. Det er  heller ikkje så mykje støy frå mange stemmer som overdøyver ein god samtale. Ein får tida til å vere nærare og meir open i samtalen.

Difor, ver spontan og inkluderande i sommar. Ha litt spontanmat og god drikke tilpassa «både og» i bakhand og berre nyt.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s