Kva har positivitet å bety for lukka vår? ( Del 2: 5 gode reglar)

5 gode reglar for eit meir positivt liv

Ifølgje Halille Azami, ein belgiar som jobbar mykje med å skape ny framdrift for både private og næringslivet, er det 5 gode reglar som kan nyttast når ein ønskjer å skape eit trivelegare liv:

  1. Snu måten du tenkjer på til å vere bevisst positiv, og praktiser positiv tenking dagleg. Du skal konsentrere deg om å løyse ei oppgåve i gongen, og berre tenkje på den positive løysinga av denne, og forskottere litt av kjensla om kor godt det vil vere når du har fullført oppgåva. Du skal ikkje tvile på deg sjølv. Du skal heller ikkje seie at du har teke på deg for mykje. Tru på deg sjølv, og hald fram med fullføringa. Då vil du takle utfordringane, og fullføre oppgåva.
  2. Ikkje la samtalar med andre forstyrre deg. Når du snakkar med andre er det lett å la seg påvirke. Og det litt merkelege er at det er ofte lettare å bli påvirka av det negative enn av det positive andre seier. Når du er godt i gang med å bli meir positiv skal du vakte deg vel så du ikkje fell tilbake til gamle vanar. Hald fast på den positive tale- og tankemåten, og sjå etter dei gode sidene i alle ting og i alle situasjonar du er i.
  3. Sjå etter det positive i menneska du har rundt deg. Fortel dei at du synest dei er positive. Ved at du hyller det positive styrkar du dei positive handlingane i alle rundt deg.
  4. Uansett i kva du gjer i dagleglivet skal du sjå etter det gode i det. Det skal du også gjere om det er ei kjedeleg oppgåve som du til vanleg har mislikt å gjere, eller om det er ei oppgåve som gjer at du føler deg noko negativ etterpå. Prøv å finne noko i oppgåva som gir deg noko, og det vil gjere at oppgåva blir meir ei positiv handling.
  5. La deg aldri bli distrahert eller påvirka til å gå tilbake til det negative. Det tek tid å forandre dei måtane du tenkjer og føler på, og dersom du har følt deg negativ i ein lengre periode, vil det ta tid å få innarbeide godkjensla. Men den kjem. Hald fast og stå på.

Du vil oppdage litt etter litt at mange område i livet ditt vil bli forandra berre ved at du forandrar måten du ser på det på, frå å sjå negativt på det til å sjå langt meir positivt på det. Du vil merke at sjølvtillita aukar, du blir meir populær, du føler deg lukkelegare og du blir meir bevisst enn før. Du er betre i stand til å takle også dei oppgåvene du ein gong mislikte, og det utan at det gir deg stress eller angst.

Ved at du les gjennom denne og begynner å praktisere meir positiv tenking vil du sjå lysare på livet.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling (Denne artikkelen er inspirert av Halille Azami).

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s