Finn fram sykkelen

Stresstips veke 18

Våren er komen, og eg ser av Sykkylvsbladet at sykkelklubben allereie har hatt fleire turar inn på Ramstadkaia.

Eg har ikkje funne fram sykkelen enno, men det er like før. Eg likar å legge bak meg nokre mil kvar sommarsesong.  Det skal det bli i år også.

Det er helseskapande å bruke sykkelen. Det er moro, og ein merkar  lett framgangen. Eitt år var framgangen mellom tur 1 og tur 3 rundt Sykkylven for min del på knapt ein halv time.

Vi kan sykle i alle aldrar, og vi kan tilpasse farta etter formålet. Du kan bruke det til dei fleste formål. Om du ikkje syklar for hardt, kan du sykle til jobben ( eller ta deg ein dusj på jobben om du skulle bli for sveitt og har tilgang på dusj).

Sykkel er trening, og sykkel er familiehygge. Det er heldigvis ikkje så uvanleg å sjå heile eller deler av ein familie ute på tur saman. Når vi brukar sykkelen er i veldig nær naturen. Vi kjenner lukter, høyrer lydar, og vi opplever roa. Sykling er rett ut sagt ein stressfjernar.

Så eit lite hjartesukk til alle som er bilistar. Vis litt omsyn. Du treng ikkje passere forbi syklistar med det same tempoet du hadde då du fekk auge på syklisten. Det skaper farlege situasjonar, og er i tillegg ein stressfaktor. Lett på gassfoten, brems ned, og verdset dei mjuke trafikantane.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s