Ha ikkje bekymringar for alderen

Stresstips veke 15

Fy flate. Det dukka opp nokre bilde på startsida på internett, av litt mislukka ansikts-løftingar blant amerikanske kjendisar. Det var ikkje noko vakkert syn. Kampen mot aldersteikna kan gå for langt.

Eg syns at eit ansikt som har levd ei stund skal sjå ut som eit ansikt som har levd ei stund. Okei, det er nok litt meir slark her og der enn før. Men det er som når ein er i trafikken, ein legg likevel betre merke til veteranbilane enn dei straumlinjeutforma bilane som ser stort sett like ut.

Det er likevel viktig å vite at når åra går så treng vi meir vedlikehald. Sunn mat, regelmessig trening, litt oftare besøk hos legen, og så treng vi verkeleg ha eit sunt og optimistisk syn på at livet verkeleg er verdt at vi er med i det, fullt og heilt, sjølv om det innimellom kan bli litt stykkevis og delt, avhengig av kor god helsa er etter som åra går.

Vi bestemmer sjølv livsinnhaldet vårt, også når vi er 59 ( som eg er i dag), når vi er 20 og når vi er 75. Innhaldet i alderen vår er avhengig av innstillinga vår. Personleg  har eg ikkje hatt det så innhaldsrikt nokon gong som det eg har no. Og endå meir vil det sikkert bli.

© Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Ha ikkje bekymringar for alderen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s