Sett av tid til deg sjølv

Stresstips veke 14

Ein ting som viser seg ofte når eg snakkar med stressa menneske er at ein av grunnane til stresset er at dei ikkje set av nok(o) tid til seg sjølv. Dei er i ei vedvarande tidsklemme. Dolly Parton – problematikken gjer seg i høgaste grad gjeldande. Ein forsøker å ha alt for mykje inn i noko som tilsynelatande er alt for lite. Men – døgnet er rettferdig fordelt for alle menneske. Vi har alle 24 timar, verken meir eller mindre.

Dersom du er ein av dei som seier: -Eg har ikkje noko tid til meg sjølv, så er det viktig å vite at det utelukkande er din eigen feil. Det er vanskeleg å få mange til å forstå at den personlege tida er ei nødvendigheit, ikkje ein luksus.

Vi treng alle ein eller fleire sårt tiltrengde pausar i løpet av ein dag. Det vere seg på jobben, der vi skal bruke heile lunsjen til pause. Vi treng også nokre kortare avbrekk, 2-4 minutt f eks, i løpet av arbeidsdagen til å roe kropp, sjel og sinn – til å distansere oss bort frå arbeidet, slappe av og auke energien att.

Du treng det same frå familiemedlemane dine. Spesielt fortener kvinna i huset meir eigentid enn det ho oftast får. Om du er mann – sørg for at kvinna i livet ditt får litt ekstra avspenningstid. Berre innrøm det, ho gjer meir enn deg.

Ta deg ein og anna  tidspausen når du sjølv kan velje det, ikkje vent til du MÅ ha dei.

Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s