Kaffipausen forlengar livet

Stresstips veke 13 

Eit alvorleg stressteikn eg har lagt merke til under samtalar med meir alvorleg stressa og utbrende personar er mangel på regelmessige pausar. Først forsvinn dei små samtalane med kolleger «på gølvet», så forsvinn etter kvart også matpausane på kantina.

No er det dokumentert at gode samtalar mellom kolleger, samt rett bruk av lunsjpausane gjer godt for helsa.

Ei undersøking gjennomført over 20 år ved Tel Aviv University i Israel dokumenterer dette. Her blir det fastslått at dei av deltakarane som hadde liten kontakt med kolleger, og som følte at dei ikkje hadde sosial støtte frå kolleger, hadde 2,4 gongar så stor risiko for å å dø i løpet av 20 år samanlikna med dei meir lukkelege tilsette.

Undersøkinga er gjennomført blant 820 deltakarar i alderen n25 til 65 år. Snittarbeidstida var 8,8 timar pr dag, og dei jobba innan finans og helse, to eigentleg vidt forskjellige miljø, begge ofte prega av høgt tempo og press.

Det forskarane fastslo var ar følelsesmessig støtte en den sterkaste indikatoren for å ha ei framtidig god helse. Av dei 53 deltakarane som døydde undervegs i forskninga hadde storparten liten eller ingen sosial kontakt med kollegar.

Forskarane oppmoda om at meir emosjonell støtte vert vektlagt som ei arbeidsform i bedriftene, og at uformelle fellesområde blir laga til for, for eksempel kaffihjørne og sofakrokar. Dei foreslår også at dei tilsette får tilbod om å diskutere stress og personlege problem som dei har og som kan settast i samband med jobben.

Mi oppmoding er: Ver sosial, inkluder dei som du ser fell utanom, og for all del, ta alle dei lunsjpausane du skal ha. Og ta dei borte frå arbeidsplassen din.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s