La ikkje andre få stele av tida di

Stresstips veke 12

Kjenner du deg att? Du har fullt opp å gjere. Haugen på. Likevel så er det nokon som finn det for godt å uroe deg. Utan noko mål og meining. Sjølv om dei ser at du er totalt nedlessa, så overser dei det. Dei forstyrrer deg gladeleg, er i vegen for deg. Set seg ned om du er på ein stad der det er ein stol ekstra, og berre pratar i veg om alt og ingenting.

Dette skjer oftare enn mange ønsker. Det er ofte ein kollega som berre MÅ få lufte ut eitt eller anna.  Eller – det kan vere ein anna nær person som du føler det kan vere vanskeleg å seie frå til. Sjølv  om du brenn i buksene etter å få arbeide vidare.

Kva kan gjerast for å unngå slike tilfelle? Det er ofte slik at når du har tillate det ein gong, så trur den andre at det er aksepetert ein gong for alle. Okei, du skal vise litt omtanke, men la det bli med litt. Du har likevel rett til å formidle det at du har det travelt. Om dette blir overhøyrt, kan du bruke klokketrikset, sjå på klokka, og utbryte noko som : -Oj, er den så mykje ? Eg MÅ ha dette ferdig til klokka….» Dersom det ikkje hjelper, det heller, så er det ein god måte som oftast fungerer. Det er å seie: Eg forstår at du har god tida, så kan du ikkje hjelpe meg litt med dette???

Det merkelege som skjer då er at vedkomande kjem på alt som ventar på å bli gjort av eigne oppgåver. ( ER du litt heldig, så kan det hende at han tek med ei oppgåve frå deg i det han går).

Uansett, vis respekt for andre si arbeidstid. Bryt ikkje inn i ein god arbeidsflyt unødvendig. Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

Ps. Bruk for stressmestringscoaching, anna coaching  eller kursing? Har litt ledig kapasitet for 1 til 1 coaching i april, enten full stresscoaching etter vitenskapeleg utprøvd konsept, eller mindre omfang om du føler det er ok for deg. Ta kontakt på 952 13859

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s