Eg blir «litt» matt (Forklaringar når sjukefråveret er høgt)

Sjukefråveret på Vestlandet ligg i snitt på 7,0 -7,4 % ved siste lansering av fråverstal. Då bør  ein rekne med at det må vere heilt spesielle indre arbeidsrelaterte årsaker som gjer at talet i ei bedrift viser 15,6 %.

Ifølgje Verdens helseorganisasjon skriv mellom  50 – 75 % av sjukefråveret seg  frå stressrelaterte årsaker. På dei arbeidsplassane som  har ei form for tilrettelagt stressforebygging utgjer stress minimum 50 % av fråveret, på dårleg tilrettelagde arbeidsplassar utgjer det opp mot 75 % av fråveret.  Stressfaktorane som forårsaker stresset er ein kombinasjon av privatliv og jobb, og WHO fastslår at minimum 50 % av stressrelatert fråver  kan tilskrivast ulike årsaker på arbeidsplassen.

Grunnen til at eg blir så matt kjem  når ein leiar på ein helserelatert arbeidsplass med  sjukefråver 15,6 % kan seie at dei har undersøkt årsakene, og det litt merkelege dei har funne ut  er at ikkje noko av det skriv seg frå arbeidet. Alt viser seg å vere privatlivsrelatert. Merkeleg, dobbelt så høgt sjukefråver som normalt, men ingenting av det er jobbrelatert. Undersøkinga er IKKJE gjort i ein diktaturisk stat, men her i landet.

Sukk – arbeidsplassen har dobbelt så høgt sjukefråver som Vestlandsgjennomsnittet, og har via skriftlege undersøkingar blant tilsette funne ut at ikkje noko av det skriv seg frå forhold på arbeidsplassen. Fantastisk.

Eg seier ikkje meir. Har du synspunkt på sjukefråver og jobbrelatering etc, send gjerne ei melding tilbake.

Per Robert Tafjord

Ps. Det er 8100 ledige stillingar innan helsevesenet. Noko for deg?

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Generell info om mitt arbeide med stress og utbrenthet og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s