La mynten som ligg og sleng få seg ein heim i heimen

Stresstips veke 11

Har du pengar som ligg og sleng rundt om i heimen? Eller som ligg att i bukselommer, dressjakker, ytterkle etc? Eller som lett ramlar ut av lommene og blir liggande på golvet, langt opp under senga?  Nokre av oss har litt myntar liggande her, litt der.

Kvifor ikkje gjere noko med det, og attpå til la det bli pengar av det? Som tidlegare langtidstilsett i bank har eg eit forhold til sparebøsser. Eg veit at mange nyttar dei, og dei kan nyttast endå meir. Sjølv har eg to i heimen som regelmessig blir etterfylt med mynt frå lommer og også frå lommeboka. I løpet av året blir det litt kronasje av det. I alle fall når vi er to som etterfyller.

Om du har barn, og barna ikkje har sparebøsser enno, så skaff ei til kvar. Der kan du etterfylle myntar som sleng rundt om. Du kan også bruke den til å etterfylle belønningar når barna gjer ein ekstra innsats. OM du  er kvinne, og om du har ein «håplaus» mann som tømmer lommene regelmessig på same stad, så sett ein der han tek av seg buksene om kvelden. Kanskje vil du då også oppleve at han begynner å plukke opp dei myntane som triller rundt om når dei ramlar ut av bukselommene, og attpå til puttar dei på bøssa?

Sjølv har eg mine to på kjøkkenet. Ei for 10 kroner og 20 kroner, ei for småmynt frå 5 kroner og nedover. Og i løpet av året blir det eit par tusenlappar i verdi av det. Godt å ha når det trengst.

Det er enkel sparing. Du kan det du vil

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

Tilbod på cd for veke 11:

Uspesifisert cd med avspenningsmusikk, ordinær pris kr 179,  fritt tilsendt for kr 99,-. Send meg e-post til p-rotafj@online.no med namn og adresse, så sender eg deg den i posten.

 

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s