Kva er det motsatte av «deadlines»?

Kva er det motsatte av ”Deadline”

Stresstips 2 / 2012

Svært mange av oss er så opptatt med det vi kallar «deadlines», tidspunktet då noko MÅ vere ferdig.

Er vi like opptatt av starttidspunktet, som av tidspunktet då det må vere fullført? Dessverre, utallige undersøkingar viser at vi har det så innmari lett for å utsette oppstarten, nesten uansett kva det er. Men – det er ikkje alt som spirer av seg sjølv. Skal du hauste til rett tid – må du begynne å så aktivitetar.

For dei av oss som ikkje lenger er heilt unge, hugsar du i ungdommen, at du av og til var for sein til eit stevnemøte, for sein til å møte han eller henne som du akkurat då hadde den pirrande godkjensla for? Var du seint ute til dei første gongane? Eller kom det litt etter litt, etter at du hadde blitt litt meir lunken?

Vi er no inne i starten på eit nytt år. Det nye året venta ikkje på at det skulle gå i gang, tida går uansett. Difor, når du har noko som er viktig for deg, noko du må ha ferdig til eit bestemt tidspunkt, er det det beste som kan skje at du kjem i gang. At du ikkje seier: «I morgon, i morgon, men ikkje i dag». Då ventar du så alt for lett til tidspresset er der.

Ta deg litt tid allereie i dag, set deg ned i ro og mak, og skriv ned dei prosjekta du har som må vere ferdig til eit fastsett tidspunkt. «Godt begynt er halvt fullendt», blir det sagt. Forutsett at du ikkje får eit tidspressprosjekt som du må smette inn i mellom, og så eitt til.

Fastset eit starttidspunkt, og begynn. Det gir deg ei meir effektiv og langt mindre stressande gjennomføring. Du slepp angsten for kva som kan skje om du ikkje har ferdig prosjektet ditt til onsdagen.

Ei påminning til slutt. Dersom du stadig vekk arbeider med «deadline» hengande over deg, så kan det faktisk bli det. Di «deadline», altså. Lev sunnare, start i dag. Du kan det du vil.

Per Robert Tafjord (c)

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s