JA ELLER NEI I 2012?

Stresstips 1/2012

Ja eller nei?

Eit råd som vi ofte nyttar når eg arbeider med stressa personar, er å tilrå at dei seier meir NEI. Brukar meir ordet nei til det dei ikkje har lyst til å gjere. Når vi blir spurt om noko har vi ofte ei frykt for å seie nei til den som spør, i redsle for å såre, og ikkje fordi vi vil.

Når vi seier Ja til noko som vi ikkje vil, så medfører det lett at vi gir oss sjølv ein energilekkasje. Seier vi derimot JA til det vi vil gjere, til det vi trivst med, så vil JA’et vere eit påfyll både for deg og for den du gjer tingen for. Seier du Ja, og gjer det med ei Nei-innstilling i deg, blir det halvgjort, og ingen glede.

Vel difor dine JA i 2012 med omhu. Eit JA er eit gode når du seier det fordi du vil, fordi det du seier JA til, er deg, der du får gjere noko du vel å gjere fordi du likar det, eller- fordi du seier JA fordi det er til gode for nokon du vil hjelpe, med glede – sjølv om du ikkje likar å gjere det.

Set deg også nokre JA-mål i 2012. Dette skal vere mål du har hatt lyst til å gjere, men aldri kome i gang med. Finn deg 3 ja-mål, og skriv ned kva du skal gjere for å nå dei, og så gjer dei.

Både JA og NEI er val, og la dei vere dei vala du sjølv gjer fordi du vel dei, ikkje fordi du føler deg pressa til å ta dei. Du kan det du vil.

Per Robert Tafjord (C) KreAktiv formidling

ps. 20 % prisreduksjon på stresscoaching og livscoachingsavtalar inngått innan 15.01.2012

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s