Går du sist inn av ei svingdør….

Stresstips veke 50

 

Det blir sagt om oss sunnmøringar at vi er litt framfusne, eller sagt på ein anna måte ” Om ei sunnmøring går sist inn i ei svingdør, så kjem ho ut att av den som den første.” Dette treng ikkje gjelde for deg, spesielt ikkje i denne årstida. Det er mørketid, og juletid, og handletid, og lett å ville nå det meste på kortast muleg tid. Og det kan vere lett å ha lyst til å presse seg litt fram. Men – vi når mest når vi følgjer vår plass i køa.

Når det er noko du skal gjere, skal du også ta deg tid til å få gjort det du skal. La deg ikkje stresse til å ville få tinga unna raskast råd, f eks ved å presse deg fram. Ta det også med ro overfor dei som på liv og død skal fram, ver fleksibel i den grad det ikkje fell urimeleg. Men samtidig – om du er i front, er du først, og dei andre må vente. Når du er nummer to, eller fem, så ta det med ro til du har blitt nr ein. Då går alt så mykje betre.

Ta deg tid til å slå av ein prat med andre som ventar, gi folk eit smil, og slapp av til det er din tur. Sist laurdag fekk eg ei rett fornøyeleg stund. Mi betre halvdel var innom ein av Ålesunds betre spesialbutikkar for kvinner, og eg nytte tida med å lese litt i ventekroken. Plutseleg var mi ”ventefløy” nesten omgjort til ” Torsdag kveld fra Nydalen ”. Ventetida vart ein hyggeleg samtale med Else Koss Furuseth og Sigrid Bonde Tusvik ( dei andre frå Nydalen forsvann over gata til Eplehuset). Ventetida vart triveleg, humørfylt og også lærerik. Det kan den også bli for deg. Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s