Ver ein forkjempar for ei stressfri førjulstid

Stresstips veke 49

Kanskje lever du allereie ganske stressfritt. Likevel – dei vekene som kjem framover no er normalt litt meir stressfylte enn mange andre veker. Til jula er over – og til lønskontoen blir fylt opp att i januar.

Det ER kos å gi gåver, og det er kos å få dei. Det er ikkje alltid like koseleg å fare rundt og kjøpe dei inn. Likevel, med god planlegging treng ikkje vekene framover bli eit hesebles, sjølv om du må rundt for å kjøpe gåver, pinnekjøt, akevitten og surkålen +++.

Du kan velje at du vil vere proaktiv, ved å planlegge og gjennomføre handlingar som gjer deg mindre utsett for handlepresset, og ikkje minst køene til og frå og i butikken. Bestem deg for å vere litt mindre pressa av tida for kvar aktivitet du skal gjere fram mot jula. Ta deg tid til å stoppe opp og slå av ein prat med andre. Smil til medmennesket. Vis andre at du er roleg, og det vil gi positiv smitte til dei du smiler til. Du har eit vakkert smil.

Når du reduserer presset i forjulstida, ved at du ikkje utset deg for Dolly Parton-presset ( m a ved å presse alt for mykje inn i alt for lite tid), kjem julaftan til deg med overskot og glede.

Det er eit tankefrø som heiter noko sånt som ” Sjå på det som kavar deg opp med rolege auge, og det som kavar deg opp vil sjå roleg ut” ( veldig fritt sitert). Prøv det, og gjer det, og julekavet vil forandre seg til det betre. Medmenneska rundt deg vil også forandre seg. Du kan starte ein kjedereaksjon ved å behalde roa og førjulsfreden i deg. Tenk deg kva du kan oppnå, og bidra med overfor andre, når du vel å vere ein forkjempar for den stressfrie levemåten. Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

ps. om du les dette i løpet av 2. desember, så har eg ope kontoret mitt på toppen av Kiwi-bygget ei stund ut over kvelden i samband med at butikkane har langope. Gode tilbod om du kjøper fleire meditasjons/avspenninngs-cd frå lageret mitt (rabatt ca 40 %).

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s