Vellukka kveldskurs saman med Mental Helse Sykkylven

Godt oppmøte på kurs/foredrag

Eg  onsdag i sist veke hadde eg eit foredrag/minikurs på Fønix, saman med Mental Helse Sykkylven. Temaet eg tok opp var ”Kva er stress – og korleis best meistre det? Dette minikurset tek opp følgjande tema: * Kva er stress for den einskilde? * Kva er årsakene til stress? Kan ein leve bra med å vere stressa? Kan ein unngå stress? Korleis kan ein best forebygge stress?

Minikurset/foredraget hadde ei varigheit på knapt to timar, inkludert ein liten pratepause og ein spørsmålsrunde. Stemninga og tilbakemeldinga var svært god, og det var ein kveld der eg verkeleg følte at dette gav verdiar både til og frå.

Om andre grupperingar ønskjer å få presentert dette kurset, er det berre å ta kontakt.

Djupnekurs i stressmeistring, oppstart i januar

Over nyttår skal eg vere kursleiar på eit kurs som Mental Helse Sykkylven har teke initiativet til. Kurset vil ha tittelen ”Kva er stress – og korleis meistre det betre i alle livets situasjonar?”

Dette kurset vil vere over fleire samlingar, i alt 6 eller 8 a ca 2 -2 ½ timar med undervisning pr samling, og med to tema pr samling. Her kjem det meir kunngjering frå Mental Helse Sykkylven seinare. Kurset er opent for alle, då vi alle har ei mental helse.

Kurset er gratis, kursmateriellet må betalast med ca kr 250,-.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende tjenester og produkter og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s