Klarer du å gjere berre ein ting om gongen i førjulstida?

Stresstips veke 48

Eg ser allereie tendensar til det – at tempoet aukar i førjulstida. I dag, 24.11.2011 er det ein månad att til julaftan. Den såkalla multi-taskinga, det å ville gjere mange ting på ein gong, aukar på. Men – det å forsøke å ri på to eller fleire hestar samtidig, fungerer sjeldan så bra.

Sjølv om du har mykje du skal gjere, så blir førjulstida rolegare om du konsentrerer deg om ein ting om gongen. Om å kjøpe ei gåve om gongen, også. Leitar du etter fire samtidig, blir det ofte halvhjarta.

Butikkar og kjøpesenter er ikkje til å unngå. Og når ein ser auken i bilkøene på ferjekaia på tidleg kveldstid, på veg til byen, ser ein at det er mange som handlar nettopp på kjøpe-sentra. Eg trivst der vanlegvis ikkje, og spesielt ikkje i førjulstida. Energiane er dårlege, og mange av menneska oppkava.

Treng det å vere slik? Kan det gå betre om ein er innstilt på at det skal vere fornøyeleg og ei oppleving? Hugs på verdien av å vere til stades i deg sjølv, også på julehandelen. Ta deg tid til dei små pausane, f eks kaffikoppen på kafe, den gode praten med kjende du møter på, eller ein ut for nokre djupe magedrag, om du røyker eller ei. Ta deg ein pustepause, med nokre djupe magedrag, føl på roa og set pris på deg sjølv. Det roar.

Førjulstida er ei herleg tid. Du kan det du vil.

Per Robert Tafjord © KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s