La ikkje dataverktøyet ditt bli ein stressfaktor

Stresstips veke 43

Dataverktøyet vårt kan lett bli ein stressfaktor. Noko som kontrollerer oss i staden for at vi kontrollerer dei når vi har planlagd det.

Mange av oss som brukar pc dagleg sjekkar e-post i hytt og pine. Vi har på ein markør som pip eller poppar opp når ein ny e-post kjem inn. Skru varslinga av. Sjå over e-postane nokre få gongar pr dag. Svært få e-postar har ein brann som må slokkast i seg. Dei som det trengst å svarast på kan du gi svar også nokre få gongar pr dag. Ved at du gjer dette får du arbeide uforstyrra med dei andre oppgåvene dine, dei du har planlagt for gjennomføring. Som er verdifulle og som skal gjerast utan avbrot i dag.

Kast heller ikkje bort for mykje tid på bruken av internett. Kanskje føler du at du treng ei oppdatering om noko konkret du arbeider med, og finn ut at du vil søke på nettet. Du slår inn eit par søkeord, og finn ut at der er hundrevis av ulike utgreiingar du kan leite i. Det som var meint som ei maksimum 5 minutts oppdatering, kan lett bli ½ -1 times oppdatering.

Bestem deg for kor mykje tid du skal bruke. Finn det søket du ser er mest interessant for deg, hald deg til dette, utan å gå vegen om 5 andre. Det gjer deg maksimalt effektiv.

Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s