Må vi ha alle møta?

Stresstips veke 41

Innan mange arbeidsområde er møte ei arbeidsform. Innimellom er det 1-2 møte pr dag, ofte spontant innkalla. I mellomtida ligg kundane, dei vi arbeider for å tilfredsstille, og ventar på oss.

Møter er gode verktøy for å få vurdert fleire sine syn på ulike saker, til å fortelje flest muleg på ein gong om viktige ting i firmaet, for å motivere fleire på ein gong, eller for å drive opplæring. Men – treng dei vere så mange, og treng dei vere så lenge?

Møte kan vere horrible tidstjuvar og stressfaktorar. Tilbakemeldingar frå samtalekundar er at møte dreg masse energi og skaper stress.

Kvifor? Fordi:

  • Dei held seg ikkje til den oppsette tidsplanen
  • Møteinnkallaren er noko usikker på kvifor han/ho har kalla inn til møtet
  • Møtet avvik frå agendaen.
  • Deltakerar på møtet ”deltek” ikkje.
  • Deltakarar uroar meir enn dei deltek.

Kva er ønskjeleg?

  • Korte, vel planlagde møte.
  • Deltakarar som verkeleg deltek og ikkje berre er til stades.
  • Færre, meir effektive og lystige møte med fokus på verdifulle tema.

Eg tek gjerne mot synspunkt på kva som gjer eit møte til eit godt eller dårleg møte, så kan det leggast ut her på bloggen.

© Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s