Set av rikeleg med tid mellom ulike aktivitetar

Sett av rikeleg med tid mellom ulike aktivitetar

Stresstips veke 39

Den strammaste fritidsaktivitetsplanlegginga eg så langt har sett var i ein familie med mine, dine og våre barn. Til saman var barna med på 28 aktivitetssamlingar i veka. Eitt barn åleine hadde 9 treningar/øvingar /kampar han ville vere med på pr veke. Ja, det blir i snitt 1,3 aktivitetar pr dag. Dei øvrige 3 barna hadde 19 vekesaktivitetar. Rart at far og mor var i hente/bringe-bransjen?

Er vi vaksne betre? Ja, til dels. Likevel er det å vere stressa eit moteord. Møter vi nokon på butikken og vil slå av ein prat, er det ofte: -Må heim! Må på trening! Må på eit møte!!
Må, må, må.
Det at vi har dagsplanleggaren full er ei sikker oppskrift på stress. At vi heile tida skal vere med på eitt eller anna, er det også. Når noko skjer seg berre med nokre minutt, kokar det i det indre. – Korleis skal eg nå det andre eg MÅ nå? Når du heile tida må ha eit auge på klokka, kvar blir gleda av det du er med på av då?

La ikkje dagsplanleggaren din vere som farta på ein tysk motorveg. Kutt ut  det du føler er minst deg frå det trur du må gjere, og vel det som er mest deg. Og livet vil bli langt enklare.
Dei som er eldst av oss hugsar kanskje dei skyvebretta med 15 tal, og eit frirom, slik at vi kunne flytte om på tala og forsøke å få tala frå 1-15 på rekke og rad. I dag er det mange som forsøker å ha 16 tal inne i tidsramma si, og trur likevel at dei har frirom til å flytte om på tida for aktivitetane. Det går ikkje – det skaper berre stress.

Mi oppmoding er – sørg for at du og barna dine har godt med tidsrom mellom ulike aktivitetar, og ver berre med på dei som de verkeleg har glede av. Kva blir så resultatet? Du og familien din blir langt mindre hektiske og langt meir trivelege. Du kan det du vil.

Per Robert Tafjord, 23.09.2011

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s