Blir du nr 1000 som klikkar på Stressplaget-bloggen?

 

Les: Dolly Parton-problemet. Fjern deg frå meiningslaust tidspress

Stresstips nr 37

Eg har eit begrep eg kallar Dolly Parton- problemet. Det skriv seg frå ein gong ho heldt konsert på Wembley i London. Midt under konserten revna øvre del av kjolen til den noko barmfagre songerinna, med det resultatet at det meste av det som omkransar lunge-volumet, som igjen skaper den gode stemma, vart blottlagt. Då ho kom inn att på scena etter å ha skifta kjole, sa ho: – Slik går det når ein forsøker å få 25 kilo med god kveite inn  i ein 10 kilos havresekk.

Og slik er det med mange av oss. Vi forsøker å få for mykje innhald inn i den tida vi har til rådigheit. Samtidig som vi set for knappe tidsfrister. Difor er dagane våre ein evig kamp med, eller rettare sagt, mot klokka. Kva resulterer det i? Når vi har for mykje å gjere, blir mykje av det vi gjer, gjort etter kvart som presset frå ein konkret aktivitet brøler til oss. Vi spring til og frå, frå det eine til det andre, og får ikkje fullført. Vi føler oss pressa, vi merker angsten stig, og stresset snik seg inn i oss.

Unngå for knappe tidsfrister. Set lange nok frister, spesielt når du ikkje heilt veit kor lang tid ei oppgåve tek. Gjer det til eit mål at du skal klare å fullføre dei fleste produkt på med tilstrekkeleg dyktigheit, med profesjonalitet, og på ein tilfredsstillande måte for alle parter. Der du brukar den tida det tek for at du skal kunne gjere det godt nok, utan eit utmattande tidspress hengande over deg.

Mi oppmoding er at du etter kvart får fleire og fleire av dei tinga du skal gjere over i tidsboksen der du sjølv har kontrollen på den tida du har å gjere det på. Når du arbeider med rett aktivitet og har rett tid til å gjere det på, blir alt så mykje trivelegare, det gir mindre stress, og langt meir arbeidsglede.

Du kan det du vil.

Per Robert Tafjord 12.09.2011

ps. Om du er nr 1000 som klikkar på Stressplaget-bloggen ( få klikk att før eg passerer) sender eg ei  overrasking til deg, difor legg att ei melding via e-posten, hugs namn,, adr, e-post. p-rotafj@online.no

 

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Blir du nr 1000 som klikkar på Stressplaget-bloggen?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s