Stresstips veke 36

 

 

Reduser det arbeidsrelaterte stresset

Stresstips veke 36

 

Mange som har personalansvar trur framleis at når dei tilsette arbeider mest muleg under press, vil dei yte det beste…. Og få best økonomisk resultat frå dei. Dette er kortsiktig tenking.

Kva skjer under slike forhold? Litt etter litt aukar fråveret, eller andre blir sjuke eller utslitne, men forsøker å halde seg på jobben, med redusert produktivitet som resultat. Jobbtrivselen går ned, kvaliteten på utført arbeid likeså. Det kan oppstå fleire arbeidsuhell og skapar på arbeidarane, auka behandlingsutgifter, og på toppen av det heile, fleire finn seg andre arbeidsplassar. Eit resultat av dette er at nye må lærast opp, og er mindre produktive i innlæringsperioden.

Det er dokumentert: Personalet arbeider betre og meir produktivt når dei er tilsette i eit veltilpassa arbeidsmiljø. Dei er gladare og kjem lettare i ein god og produktiv jobbflyt. Dei stimulerer kollegane sine, og dei er meir humør-fylte.

Det er også dokumentert at svært mange av dei mest suksessrike selskapa legg svært godt til rette for stressreduserande, samt trivselsfremjande tiltak for dei tilsette. Dei tilbyr stressforebyggande opplæring, dei har eigne treningslokale – eller betaler heilt eller delvis årsabbonnement på helsestudio, dei har sosialfremjande arrangement for dei tilsette, og anna positivt påfyll som gjer at arbeidslivet ikkje er eit slit.

Gjer ditt til å auke trivselen på din arbeidsplass. Arbeid for eit stressfritt tilvære. Det er god arbeidspolitikk både for eigarane og den tilsette.

Du kan det du vil.

Copyright: Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s