Coachens hjørne

VEGEN TIL DET

«Just do it – Berre gjer det”, seier sko- og idrettsprodusenten Nike. Då gir dei deg eit godt råd. I alle fall om du har eller får ei formeining om kva ”DET” er.For svært mange menneske er ”DET” ikkje særleg klart. Og du kan ”just do it – berre gjere det”, om du har ei formeining om kva det er du skal gjere.

Dersom du er ung og ikkje veit kva DET er, så kan du ikkje velje DET akkurat her og no. Om du er godt vaksen, og heller ikkje veit kva DET er, så er det like vanskeleg. I mellom ung og godt vaksen er det mange år, år der du kunne ha funne ut kva DET er. Men har du funne det ut? Svært mange har i det heile ikkje lagt ned ein einaste kalori for å finne ut kva DET er. Likevel – dei går rundt i vantrivsel, ventar på at ei forandring skal skje i livet – utan at dei gjer ei forandring  i seg sjølve. Kor i all verda skal ei forandring då kunne skje?

Det første steget for å få til ei forandring er å faststå, eller få fastslått – kva DET er. Personleg syns
eg det er langt viktigare sjølv å fastslå kva DET er, enn at nokon anna ska lfastslå det for meg. Likevel, det kan vere viktig å ha eit samarbeid med ein coach i arbeidet med å finne ditt  DET i livet, det som vil skape ei verdifull forandring. Difor – fastslå kva som er ditt DET i livet, og begynn å gjere noko med det. Då kan du begynne å gjere dei små stega på vegen til det.

Du vil oppdage at det å fastslå ditt DET er eit verdifullt steg. Som tek tid. Du må klare å definere
kva ditt DET er, ved å definere dine livsverdiar, og ved å sette opp dei overordna måla du ønskjer å nå. Dei som er basert nettopp på det som er mest deg i livet ditt. Der du kan gjere noko verdifullt for både deg sjølv og andre.

Ein coach kan hjelpe deg på vegen til DET. Til eitt eller fleire DET. Truleg oppdagar  du fleire målverdiar som du får lyst å nå fram til i livet ditt. Når du så har begynt å oppdage dine DET, har du starta på marsjen med dei små stega. Dei som fører deg meir og meir fram til målet, og der du kan oppnå dei små sigrane langs med vegen.

Det å gjere er ein viktig del av prosessen. Som eg sa innleiingsvis, ei forandring vil ikkje skje utan at
du begynner å forandre deg. Det å vite kva du vil er verdifullt, men berre det å vite , vil aldri få deg fram til målet. Du kjem f eks ikkje til London berre fordi du veit kvar London ligg på kartet. Det neste steget ditt, etter at du veit kva du vil, er å bli aktiv. Begynne å handle, la det begynne å skje. Handling er ikkje det å nøle og kome med
bortforklaring etter bortforklaring. Handling er å skape aktivitet rundt utfordringane, og ta den kalkulerte risikoen om at noko kan gå godt eller gale,men likevel gå for det målet ein har sett seg. Etter å ha gått nokre få små
steg vil du erfare at risikoen for dei store gale-matiasane er moderat. Det meste går slik du planlegg det. Difor, ta på deg Nike-joggeskoa dine og lev ut visjonen deira: -Just do it, berre gjer det”. For etter at du har lese dette veit du at DET er der for deg, du treng berre gjere noko for å finne ut kva ditt DETer, og kome deg i gang på vegen fram til DET.

Coaching:

Det å sette handling ti ltanken er nøkkelen for suksess, men først må du vite kva for eit DET du ønskjer å
nå. Kva du skal sette inn handlingsplanen din for å nå. Før du startar opp skal du definere ditt ”DET”, og gjere ein avtale med deg sjølv som forpliktar deg til å la DET skje.

Snart du har gjort dette blir alt så mykje enklare. Du kan gjerne samarbeide med ein coach når du er på
vegen fram til dine DET. Det gjer vandringa ofte mykje raskare og enklare.

Coachingsspørsmål: – Kva er ditt ”DET”? Korleis vil du nå ”DET”?

+ Mange andre spørsmål som ein coach vil hjelpe deg med, der du vil finne dine svar som viser det vegen
til ditt DET.

Mål for denne veka: Bruk tid på å fastslå kva ditt ”DET” er. Så snart du har funne kva ”DET” er for deg, vil alt bli mykje enklare å gjennomføre.

Tankefrø:

”Etter alle disse åra som har gått er eg enno fullt oppteken med å finne nye sider av meg sjølv. Det er betre å
utforske livet og gjere feil enn alltid å leve heilt trygt og kontrollert.Feila ein gjer er betalinga for eit liv verdt å leve, for eit fullverdig liv”.
Sophia Loren

”Du gjer aldri eit stort oppdaging i livet utan at duhar prøvd ut nokre dristige gjetningar.”
Isacc Newton

” Du må gå ut av den trygge komfortsona di – og inn iden villskapen du finn i intuisjonen. Då vil du oppdage kor vakkert og verdifullt alt er. Det du oppdagar er deg sjølv.” Alan Alda

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Coachens hjørne

  1. Unni seier:

    Hei Per Robert.
    Jeg er meget fornøyd med visdommen du gir meg og verktøyet jeg lærer for å minske stresset i livet mitt. Tusen takk så langt og jeg ser frem til fortsettelsen.

    Med vennlig hilsen
    Unni

  2. Daniloff seier:

    Lykke til Per Robert!
    «It is something to be able to paint a particular picture, or to carve a statue, or so to make a few objects beautiful; but it is far more glorious to carve and paint the very atmosphere through which we look – to affect the quality of the day, that is the highest of the arts.»
    Henry David Thoreau
    1817-1862, Author, Poet and Abolitionist

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s