Mange menneske har bruk for å kunne meir om stressmestring. Ei undersøking gjort blant studentar viser at to av dei tinga som slit dei mest i studietida er tidsstyring og stressmestring. Dette er to faktorar som heng nært saman, og det eine påverkar ofte det andre.
Eg tek no ferie i tre veker framover. Jobben blir mest muleg «fråkobla», men eg kjem til å sjå innom e-post ein til to gongar pr veke. Dersom du treng råd om stressmestring, er mi oppmoding at du les det du finn her på bloggen min. Om dette ikkje løyser det du treng, ta kontakt med meg etter ferien. Send meg gjerne ein e-post til kontakt@kompetus.no, så tek eg kontakt umiddelbart etter ferien.
Dei stressmestringsverktøya du får lære er av dei beste mestringsmetodane som er tilgjengelege, og du vil oppnå gode resultat av å følgje dei råda du får med deg i eit samarbeid med meg.
God sommar. Helsing Per Robert Tafjord
ps. har du kontakt med nokon som skal studere til hausten? Tips dei om at eg kjem med ei lita, men innhaldsrik bok om tidsstyring og stressmestring for studentar tidleg i august. Sjå meir i artikkelen nedanfor denne.